- Nytt frå Gloppen Frivilligsentral -

Gloppen Frivilligsentral brenn for å formidle kontakt mellom folk i lokalmiljøet -nokon som treng hjelp og andre som ynskjer å hjelpe. Vi ønskjer å stimulere til frivillig innsats og samarbeider gjerne med lag og organisasjonar om ulike aktivitetar og prosjekt.

- Kalender -

Her finn du tid og stad for aktivitetar som Gloppen Frivilligsentral er involvert i:

Dato Kl. Tittel Sted
Man 01.04 13:00 Hjelp til mobilen/nettbrettet Gloppen Folkebibliotek
Man 01.04 15:00 Sterk og stødig Gymsalen på Byrkjelo
Man 01.04 17:00 Sterk og stødig Runnevang
Tir 02.04 12:15 Språktreff Gloppen Opplæringssenter
Tir 02.04 17:00 Demenskor Kantina, Gloppen Omsorgssenter

- Aktivitetane våre -

Informasjon om aktivitetar Gloppen Frivilligsentral er involvert i.

Ønskjer du å hjelpe flyktningane som kjem til Gloppen?

Les mer

Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!

Les mer

Sandane Ungdomsklubb "Subben" starta opp 22.april 2022 og er å finne i lokala til Open skule på Firda vgs (kjellaren i gamlebygget).

Les mer

Kvar dag heile året køyrer våre frivillige sjåførar ut middag til heimebuande som treng eller ønskjer middag frå det kommunale kjøkenet. Det går rute til Breim og sentrum og ut på begge sider rundt Gloppefjorden. Dette tilbodet blir sett stor pris på så det er alltid kjekt å kome og levere middagen på døra:-) Vi treng for tida nye sjåførar både kvardagar og i helgar!!!

Les mer

Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!

Les mer

Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.

Les mer

Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.

Les mer

Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!

Les mer

Gloppen Frivilligsentral samarbeider med seniornett om opplæring for å heve datakompetansen blant folk flest. Vi har alt frå data/mobilhjelp på Gloppen Folkebibliotek ein dag i veka til ein til ein undervisning og meir jamnlege kurs i grupper.

Les mer

Julemiddag for alle som ønskjer eit fellesskap i Trivselshagen

Les mer

Vi har frivillige som stiller på som leksehjelp for elevar både på barne- og ungdomsskulen.

Les mer

Vi har frivillige som ønskjer å lese for andre. Det kan gjelde personer i alle aldrar som av ulike grunner ikkje kan lese sjølv.

Les mer

- Kan du bidra? Treng du hjelp? -

Meld frå her, så kontaktar vi deg for ein prat om det du kan tenkje deg å vere med på.

2024 © Gloppen frivilligsentral