PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitetar

Faste aktivitetar

Vi har nokre faste aktivitetar som skjer regelmessig gjennom året.

 

Middagskøyring: Tre middagssjåførar leverer dagleg varm middag til personar i Breim og rundt Gloppefjorden. Middagen blir køyrt ut av frivillige kvar einaste dag, kvardag som helg, året rundt.



Strikkekveld arrangerar vi saman med Røde Kors Omsorg annakvar tysdag 19-21. Denne aktiviteten har no sommarferie. Datoar for hausten 2016 er 23.aug, 6.sept, 20.sept, 4.okt, 18.okt, 2.nov, 15.nov og 13.des.

Seniornett: Klubbmøta er avslutta for denne sesongen. Frivilligsentralen og instruktørar frå seniornett-klubben arrangerar nybyrjarkurs i nettbrett i mai og juni -16. Det blir fleire kurs, både i nettbrett og PC til hausten. Vi arbeider også med å starte opp seniorklubbar i Breim og Hyen. Seniornettklubben på Sandane startar opp med vekentlege klubbdagar til hausten igjen.

 

I tillegg arrangerar vi eller er medarrangør av andre aktivitetar. Desse blir annonsert på heimeside og facebook, i tillegg til aviser og plakatar på aktuelt tidspunkt.