PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bli frivillig

  • Vil du bruke litt av di tid saman med andre?

  • Vil du treffe nye folk?

  • Vil du vere med å setje dine og andre sine idéar ut i livet?

Frivilligsentralen er ein møteplass som formidlar kontakt mellom folk i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ynskjer å hjelpa.

Frivilligsentralen er ein stad kor gleda over å bruka seg sjølv er den betalinga ein får.

Det er kun fantasien som set grenser for kva som kan gjerast frivillig.

Kven kan vere frivillig?

Du som vil bruke di fritid til å hjelpa andre.
Du som har blitt pensjonist og tykjer kvardagane har blitt litt lange.
Du som er ung og vil auke di livserfaring gjennom kontakt med andre menneskje.
Du som er arbeidssøkjar og ynskjer å gjere noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkingtid.
Du som ynskjer å væra eit medmenneske.

Eksemplar på oppgåver kan vera: Telefonkontakt, turven, besøksven, butikkven, kinoven.
Praktiske oppgåver som; Snømåking, hagestell, handling eller liknande. Holde kurs, starta ei sjølvhjelpsgruppe. Rådgjevingteneste – har du eit yrke eller ein hobby som kan vær nytsam for andre? Leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt og mykje, mykje meir.

Vi gjev deg gjerne ein attest når du har jobba som frivillig.

Kva er forventa av deg?

Kor mykje tid du vil bruka og kva du ynskjer å bidra med avgjer du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – tykjer du dette er gjevande, forset du.

Vil du melda deg som frivillig, eller kanskje du vil vete litt meir?
Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktande samtale.

Eg ynskjer å starta noko nytt

Går du med ein tanke om å starta noko nytt eller du ser eit behov. Vi hjelper deg igang. Er det noko som allereie eksisterar så viderformidlar vi dette.