PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Takk til Synnøve!

Synnøve Grane Skaaden slutta som dagleg leiar i Gloppen Frivilligsentral 1.mai. Då hadde ho hatt sin arbeidsstad her i 16 år. Vi takkar so mykje for innsatsen ho har gjort for frivilligsentralen og for det frivillige arbeidet i Gloppen!

Vi er glade for at vi framleis får behalde henne ein dag i veka. Frå hausten er ho på kontoret på onsdagane.

Bilete er frå avsluttinga styret hadde for henne i mai. Ho blir takka av styreleiar Hildegunn Tviberg og får velfortent gode ord og fin gåve!