PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ynskjer du frivillig hjelp?

Kva du treng hjelp til veit du best sjølv.
Eksemplar på oppgåvar kan vere:

  • Turven
  • Å gå på kino/teater eller lignande med nokon
  • Besøksven
  • Praktiske oppgåvar som t.d. lett hagestell eller handlehjelp, m.m.
  • Underholdning på institusjonar e.l.
  • Følgjehjelp til sjukehus, lege, frisøren, banken eller lignande.
  • Lære data / datahjelp
  • Og mykje meir

Dei frivillige er i alle aldrar og med forskjellig bakgrunn.Vi vil gjere vårt beste for å finne ein frivillig som kan passe til ditt behov. Kontakt oss for meir informasjon om kva frivillige aktivitetar vi har.

Garanti

Sidan alle jobbar frivillig kan vi IKKJE garantere at alle får den hjelpa dei ber om. Men vi garanterar at vi skal gjere så godt vi kan. Husk at dei frivillige er vanlege mennesker som ikkje nødvendigvis har ei kompetanse på det dei skal hjelpa med.

Enkelte jobbar som utgjer ein fare for dei frivillige, må me desverre sei nei til. T.d. å klatre høgt opp under mønar eller opp på eit tak og lignande.

Alt utstyr som den frivillige må bruka, må brukaren sjølv skaffa.

Teieplikt

Alle dei frivillige er underlagt teieplikt.

Målgruppe

Målgruppa er alle innbyggjare som ynskjer den hjelp som Frivilligsentralen kan tilby.