Hjelp med mobil, nettbrett og datamaskin

Gloppen Frivilligsentral samarbeider med seniornett om opplæring for å heve datakompetansen blant folk flest. Vi har alt frå data/mobilhjelp på Gloppen Folkebibliotek ein dag i veka til ein til ein undervisning og meir jamnlege kurs i grupper.

Medlemskap i seniornett
Du kan bli medlem av seniornett og delta på faste klubbmøter tirsdagane. 

Kurs, ein til ein undervisning
Seniornett arrangerer også kurs. No skal dei, for andre gong, starte opp med eit kurs, opent for folk i alle aldrar, som har behov for meir komptanse for å henge med i kvardagen. Her betalar du kr 200,- for 12 timar og kan i stor grad bestemme innhaldet sjøl sidan undervisninga føregår individuelt. Dette er eit samarbeid mellom pensjonistlaga i Gloppen, Kommunen, Seniornett og Gloppen datastove. Eit kjempetilbod etter vår meining, så meld dokke på!
Vi har påmelding på Gloppen Frivilligsentral. Ring oss eller kom innom!

Gratis hjelp til mobilen eller nettbrettet
Siste nytt er samarbeid mellom Seniornett, Frivilligsentralen og Gloppen Folkebibliotek. Kvar mandag mellom klokka 13 og 14 vil det vere folk frå seniornett på biblioteket, som er klare til å hjelpe deg om du droppar innom på jakt etter hjelp med mobilen eller nettbrettet. Ikkje krav om påmelding eller betaling -her er det berre å møte opp -og så kan du også få med deg ei god bok i farten!


Neste Hjelp med mobil, nettbrett og datamaskin

Dato Kl. Tittel Sted
Man 22.04 13:00 Hjelp til mobilen/nettbrettet Gloppen Folkebibliotek
Man 29.04 13:00 Hjelp til mobilen/nettbrettet Gloppen Folkebibliotek
Man 06.05 13:00 Hjelp til mobilen/nettbrettet Gloppen Folkebibliotek
Man 13.05 13:00 Hjelp til mobilen/nettbrettet Gloppen Folkebibliotek
Man 20.05 13:00 Hjelp til mobilen/nettbrettet Gloppen Folkebibliotek
2024 © Gloppen frivilligsentral