-
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Språktreff
Språktreff for innvandrarar og flyktningar på Gloppen Opplæringssenter kvar tysdag kl.12.15-14.00. Ein legg ein opp til ulike aktivitetar der ein må kommunisere med kvarandre, eksempelvis enkle spel, matlaging eller tur.Ein legg ein opp til ulike aktivitetar der ein må kommunisere med kvarandre, eksempelvis enkle spel, matlaging eller tur. I tillegg til å lære norsk språk prøver ein også å gje kunnskapar om den norske kulturen og samfunnet. Språktreffet er eit samarbeid mellom Røde Kors, Flyktningtjenesta og Gloppen Frivilligsnetral.
Vi ønskjer fleire frivillige til språktreffa og er også opne for innspel til aktivitetar!
Interessert? Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral på post@gloppen.frivilligsentral.no
Neste Språktreff
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Tir 10.12 | 12:15 | Språktreff -info. om Open Hall!!!! | Gloppen Opplæringssenter |
Tir 17.12 | 12:15 | Språktreff | Gloppen Opplæringssenter |
Tir 24.12 | 12:15 | Språktreff | Gloppen Opplæringssenter |
Tir 31.12 | 12:15 | Språktreff | Gloppen Opplæringssenter |
Tir 07.01 | 12:15 | Språktreff | Gloppen Opplæringssenter |
Del på:
-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!