-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
Alle har rett på god helse og livskvalitet
Den internasjonale eldredagen er 1. oktober 2020. Frivilligsentralar i heile Noreg oppmodar lokalsamfunn, frivillige, kommune og næringsliv til å bli med og feire eldredagen saman.I Erfaringsrapporten fra Senter for omsorgsforskning "Med hverandre for hverandre", frå prosjektet “Aktive seniorer” i Vennesla kommune kom det tydeleg fram at besøk på kafe saman med andre ga seniorar auka livskvalitet.
Kjenner du nokon som vil ha glede av en tur på kafe?
Eller kan du ta med eit kakestykke på besøk til en senior som av ulike grunnar ikke kan gå på kafe?
Bakar Jon på Byrkjelo og kafeane Bakaren, Lauget, Fjæra Mat og Vafleriet på Sandane ser kake til eldre for kr 20 denne dagen.
Vi minner om å følgje smittevernreglar både under kafebesøket og ved eventuell transport. Dette gjeld handhygiene og ein meter avstand, samt at ein ikkje deltek ved luftvegssymptom eller mistanke om koronasmitte. For å halde ein meters avstand i bil bør passasjer sitte i baksete diagonalt for sjåfør.
Bli med og bidra til auka livskvalitet hos eldre, den internasjonale eldredagen 1. oktober 2020.
Del på:
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?
-
Quiz på Frivilligsentralen!!!
Hei hei! Vi er ei lita gruppe, som har valgfaget innsats for andre. Vi vil gjerne gjere noko for nokon andre og no har vi komne fram til at vi vil ha ein quiz på frivillighetssentralen.