-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til mine vanlige frivillige. Vi er et flott team så dette blir nok eit kanonarrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
Sterk og stødig
Sterk og Stødig er igang igjen! Dette er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne!"Sterk og stødig" er forebyggande treningsgrupper for seniorar. Gruppetreningane er basert på fleire internasjonale studier som har undersøkt effekten av balanse- og styrketreningsprogram for seniorar med risiko for fall og funksjonssvikt. Målgruppa er heimebuande seniorar som kan gå utan hjelpemiddel innandørs.
Treningsgruppene er etablert i eit samarbeid mellom idrettslaga Fjellhug Vereide, Brodd, Frisklivssentralen og Frivilligsentralen. Alle instruktørane har vore gjennom instruktøropplæring.
Treningane foregår
Runnevang måndagar kl 17. Oppstart 27.september.
Nordstranda skule torsdagar kl 16.30. Oppstart 9. september.
Kantina på omsorgssenteret fredagar kl 10-11. Her må du kontakte fysioterapeut for å avklare deltaking.
Treng du skyss kan du kontakte frivilligsentralen på tlf. 92120505.
Det gjeld enno smittevernsreglar og alle som deltek må følgje desse:
- det kan maks vere 30 deltakarar på kvar trening. Alle deltakarane vert registrerte (blir oppbevara i 14 dagar)
- det skal vere ein meter mellom kvar deltakar
- deltakarane skal vaske seg/sprite seg på hendene før og etter trening
- dei som har vore på reise i område med mykje smitte skal vente i ti dagar før dei deltek på gruppetilbod
- dei som skal delta på trening må vere friske
- det kan kome endringar ved lokale smitteutbrot
Del på:
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!
-
Open Hall
Open Hall 4. februar vart ein suksess!!! Vi har planar om å arrangere Open Hall 11 gongar til. Kan du bidra? Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?