Open Hall

Har du lyst å kome deg ut av huset men det er surt og kaldt ute? Har du lyst å boltre deg og leike, henge med vennar eller familie men har det litt trangt heime? Lyst å treffe nye folk? Nytt tilbod i samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett!

Aldersgruppe: For alle

I samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett startar vi tilbodet Open Hall.

Ein gong i månaden opnar vi hallen for folk flest. Vi sett fram mykje spennande utstyr til fri bruk. I tillegg blir der tilbod om eit par ekstra aktivitetar kvar gong.Tilbodet er gratis!!!

4. februar blir det mulig å vere i turn hallen med instruktør frå klokka 12-13.30. Etterpå kan ein prøve seg på boble fotball på bane nede klokka 13.30-15.

Kiosken belagar seg på stor innrykk og bunkrar opp med ekstra mat så kan du få deg ein matbit og rekke bassenget når Open Hall er ferdig kl 15. 

Open Hall

Dato Kl. Tittel Sted
Søn 26.05 12:00 Open Hall Trivselshagen bad og idrett
Søn 16.06 12:00 Open Hall Trivselshagen bad og idrett
2024 © Gloppen frivilligsentral