- Velkomen til heimesida vår-

Alle har noko å gi og alle treng ei hand. Vi brenn for at menneske skal møtest og gjere kvarandre rike.Å gjere noko for andre gjennom frivillig innsats skaper ny mening i livet.
Ver aktiv i ditt nærmiljø, gjer ein dugnadsinnsats eller bli med på aktivitetar!  

Vi samarbeider gjerne med enkeltpersonar og frivillige lag- og organisasjonar om ulike aktivitetar og prosjekt som berikar samfunnet vårt.

Les vidare for å finne ut meir om alt det spennande vi er involvert i! Kanskje er det noko du treng hjelp til eller har lyst å bidra med?

- Om oss -

Vi på Gloppen Frivilligsentral har god oversikt over frivillige lag- og organisasjonar i Gloppen og deira aktivitetar. Vi ønskjer å vere både ein tilretteleggjar og støttespelar for frivilligheita. Vi har samarbeidsprojekt både med frivillige og Gloppen Kommune om aktivitetar og skal vere eit bindeledd mellom frivilligheita og kommunen. 

Vi set stor pris på engasjement, gode idèar og innspel når det gjeld aktvitetar som bidreg positivt i samfunnet.

Sentralen er også ein møteplass for små og litt større grupper i tillegg til at ein del frivillige lag- og organisasjonar nyttar lokalet til nokre av sine aktivitetar.

Vi har flotte møterom som kan bookast både på dagtid og ettermiddag/kveld/helg.
 
Du finn oss i Firdavegen 16, Sandane sentrum. Mange grunnar til å komme innom. Velkommen :-)

- Kalender -

Her finn du tid og stad for aktivitetar som Gloppen Frivilligsentral er involvert i:

Dato Kl. Tittel Sted
Ons 30.10 11:00 Onsdagstreff Gloppen Omsorgssenter, Kantine
Tor 31.10 16:30 Sterk og stødig Nordstranda skule
Fre 01.11 10:00 Fredag på Myra Myra
Man 04.11 15:00 Sterk og stødig Gymsalen på Byrkjelo
Man 04.11 17:00 Sterk og stødig Runnevang

- Aktivitetane våre -

Informasjon om aktivitetar Gloppen Frivilligsentral er involvert i.

Ønskjer du å hjelpe flyktningane som kjem til Gloppen?

Les mer

Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!

Les mer

Sandane Ungdomsklubb "Subben" starta opp 22.april 2022 og er å finne i lokala til Open skule på Firda vgs (kjellaren i gamlebygget).

Les mer

Kvar dag heile året køyrer våre frivillige sjåførar ut middag til heimebuande som treng eller ønskjer middag frå det kommunale kjøkenet. Det går rute til Breim og sentrum og ut på begge sider rundt Gloppefjorden. Dette tilbodet blir sett stor pris på så det er alltid kjekt å kome og levere middagen på døra:-) Vi treng for tida nye sjåførar både kvardagar og i helgar!!!

Les mer

Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!

Les mer

Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.

Les mer

Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.

Les mer

Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!

Les mer

Gloppen Frivilligsentral samarbeider med seniornett om opplæring for å heve datakompetansen blant folk flest. Vi har alt frå data/mobilhjelp på Gloppen Folkebibliotek ein dag i veka til ein til ein undervisning og meir jamnlege kurs i grupper.

Les mer

Julemiddag for alle som ønskjer eit fellesskap i Trivselshagen

Les mer

Vi har frivillige som stiller på som leksehjelp for elevar både på barne- og ungdomsskulen.

Les mer

Vi har frivillige som ønskjer å lese for andre. Det kan gjelde personer i alle aldrar som av ulike grunner ikkje kan lese sjølv.

Les mer

- Kan du bidra? Treng du hjelp? -

Meld frå her, så kontaktar vi deg for ein prat om det du kan tenkje deg å vere med på.

- Finne frivillige lag og organisasjonar -

Gloppen Frivilligsentral driftar Gloppen Foreiningsportal. Her finn du samla oversikt over kva som finns av aktivitetar og fritidstilbod i kommunen med viktig kontaktinformasjon.
Vi vil også legge ut relevante nyheiter for frivilligheita med jamne mellomrom.

Frivillige lag- og organisasjonar kan sjølve redigere informasjon om eiga foreining og kome med innspel til nyheiter.

Manglar ditt lag- eller organisasjon tilgong til foreningsportalen?
Skriv til oss på
post@gloppen.frivilligsentral.no


2024 © Gloppen frivilligsentral