-
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Nattevandring
Det blir arrangert nattevandring med foreldre til ungdomsskuleelevar og ved Firda Vidaregåande skule. Vi vil gjerne ha fleire frivillige til denne tenesta.Nattevandring i Sandane sentrum har sidan 1988 blitt organisert gjennom et samarbeid mellom Gloppen Røde Kors, foreldrerepresentantar (FAU) frå Gloppen Ungdomskule, Fritidskonsulent i Gloppen Kommune og Gloppen Frivilligsentral. Omfanget på nattevandringa blir bestemt utifrå ei vurdering av behovet. I 2022 blir det nattevandring i perioden frå påske til sommarferien, pluss frå sommarferien og utover hausten. Nattevandringa i år vil bli organisert i samarbeid med den nyoppstarta ungdomsklubben.
I tillegg vert det utført nattevandring når Firdaelevane arrangerer fest i Gimle. Då er det foreldre til elevar ved Firda vidaregåande skule som vandrar.
Om du er forelder som ønskjer å gå meir enn du er oppsett, eller om du er ein annan vaksen som ser kor viktig denne innsatsen er, håpar vi du melder deg! Vi tek kontakt og avklarar omfang og tider slik at det vil høve deg!
Del på:
-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!