Aktivitetsvenn

Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!

Du treng ikkje spesiell kunnskap eller egenskaper, du treng eigentleg berre å vere deg sjølv. Før du startar opp går du gjennom et kurs, og heile perioden vil du ha eit støtteapparat med erfaring og kompetanse i ryggen.

Det einaste som krevast er tida di, og at du ønskjer å kunne bruke den til noko meiningsfylt samtidig som du blir kjent med eit nytt menneske. De brukar tid saman så ofte du ønsker, men minst fire timar i månaden.

Når du melder deg som aktivitetsvenn får du tilbud om gratis kurs. På kurset lærer du om demens, kommunikasjon og rollen som aktivitetsvenn. Vi spør deg om dine interesser og kobler deg til nokon som har samme interesser som deg. Dette gjer vi fordi personlege interesser og kjemi er viktig for at de begge skal få glede av å bruke tid saman.

Du får også ein kontaktperson som er tilgjengeleg for spørsmål du måtte få undervegs, og du får tilbod om rettleiiing i fellesskap med andre aktivitetsvenner.


2024 © Gloppen frivilligsentral