Velkomne til oss

Er det noko vi kan hjelpe deg med? Vi har mange frivillige som ønskjer å hjelpe. Ta gjerne kontakt (tlf 92120505) så kan vi saman finne ei løysing!

Kan du bidra? Treng du hjelp?

Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig eller treng hjelp. Når du har sendt inn info, tar vi kontakt så snart vi kan.

Aktivitetar

Her finn du litt informasjon om det vi driv med på sentralen. Klikk for meir info.

Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!

Les mer

Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino eller andre kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!

Les mer

Frivillige er med på turgrupper. Uteaktivitet for personer med demens, der frivillige er med. Kvinnegruppe

Les mer

I samarbeid med daglegvarebutikkane, apoteket og Gloppen kommune tilbyr vi heimkøyring av matvarer til dei som ikkje kan handle sjølve eller har hjelp til det.

Les mer

Julemiddag for alle som ønskjer eit fellesskap i Trivselshagen

Les mer

Frivillige kan vere leksehjelp for elevar i skulen. Leksehjelp er i samråd med lærar som rettleiar den frivillige i opplegg og oppgåver.

Les mer

Frivillige kan vere lesevenn for pesoner i alle aldrar som av ulike grunner ikkje kan lese sjølv. F.eks. folk som har behov for lesetrening, eldre, personer med nettsett funksjonsevne eller innvandrarar.

Les mer

Kvar dag heile året køyrer frivillige sjåførar ut middag til heimebuande som treng eller ønskjer middag frå det kommunale kjøkkenet.

Les mer

Nattevandring er organisert gjennom et samarbeid mellom Gloppen Røde Kors, foreldrerepresentantar (FAU) frå Gloppen Ungdomskule, Fritidskonsulent i Gloppen Kommune og Gloppen Frivilligsentral.

Les mer

Velkomne til sosialt samvær, aktivitetar, trim og middag!

Les mer

Årleg vert det arrangert rusfritt arrangement for ungdom frå 9.klasse til 19 år.

Les mer

I samarbeid med Nav er det starta opp språktreff for innvandrarar og flyktningar på Gloppen Opplæringssenter. Her får dei moglegheiten til å lære seg betre norsk gjennom praktiske øvingar, i regi av NAV og dei frivillige. Språktreffet er kvar onsdag kl.13.00-15.00.

Les mer

Kva skjer

Dato Kl. Tittel Sted
Fre 06.08 11:00 Fredag på Myra Myra
Ons 18.08 11:00 onsdagstreff Omsorgsenteret

Om oss

Ta kontakt for ein prat om kva vi kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.
2021 © Gloppen frivilligsentral