Kvinnedagen 8. mars

Velkomen til 8.mars-møte og markering av den internasjonale kvinnedagen!

Aldersgruppe: For alle

Vi har gjort det til ein årleg suksess å invitere  kveldsmøte på kvinnedagen 8. mars. Det er gratis å kome inn og siste åra har det vore fullt hus med kvinner i alle aldrar. Vi har gjort det slik at alle tek med  seg eit pålegg til felles matbord, og så et vi kvelds saman.

Programmet har variert frå år til år, men felles har det vore innslag med kvinner i ulike aldrar og frå ulike kulturar. Det har vore song/musikk og diktlesing.

Denne 8. mars-kvelden er ein strålande kombinasjon av godt program, kveldsmat og mykje god prat.

Velkomen!

Desse er tilskiparar:
Gloppen Bygdekvinnelag, Gloppen Mållag, Gloppen Frivilligsentral, Gloppen SV, Gloppen Ap, Gloppen Sp.

2025 © Gloppen frivilligsentral