Besøksven/turven Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
Sandane Ungdomsklubb -Subben Sandane Ungdomsklubb "Subben" starta opp 22.april 2022 og er å finne i lokala til Open skule på Firda vgs (kjellaren i gamlebygget).
Middagskøyring Kvar dag heile året køyrer våre frivillige sjåførar ut middag til heimebuande som treng eller ønskjer middag frå det kommunale kjøkenet. Det går rute til Breim og sentrum og ut på begge sider rundt Gloppefjorden. Dette tilbodet blir sett stor pris på så det er alltid kjekt å kome og levere middagen på døra:-) Vi treng for tida nye sjåførar både kvardagar og i helgar!!!
Aktivitetsvenn Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Demenskor Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
Fredag på Myra Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
Følgeteneste Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!
Hjelp med mobil, nettbrett og datamaskin Gloppen Frivilligsentral samarbeider med seniornett om opplæring for å heve datakompetansen blant folk flest. Vi har alt frå data/mobilhjelp på Gloppen Folkebibliotek ein dag i veka til ein til ein undervisning og meir jamnlege kurs i grupper.
Leksehjelp Vi har frivillige som stiller på som leksehjelp for elevar både på barne- og ungdomsskulen.
Lesevenn Vi har frivillige som ønskjer å lese for andre. Det kan gjelde personer i alle aldrar som av ulike grunner ikkje kan lese sjølv.
Nattevandring Det blir arrangert nattevandring med foreldre til ungdomsskuleelevar og ved Firda Vidaregåande skule. Vi vil gjerne ha fleire frivillige til denne tenesta.
Onsdagstreff Velkomne til sosialt samvær, aktivitetar, trim og middag i kantina på Gloppen omsorgssenter!
Open Hall Har du lyst å kome deg ut av huset men det er surt og kaldt ute? Har du lyst å boltre deg og leike, henge med vennar eller familie men har det litt trangt heime? Lyst å treffe nye folk? Nytt tilbod i samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett!
Rusfri 16.mai-natt Årleg vert det arrangert rusfritt 16.mai-arrangement for ungdom frå 9.klasse til 19 år.
Språktreff Språktreff for innvandrarar og flyktningar på Gloppen Opplæringssenter kvar tysdag kl.12.15-14.00. Ein legg ein opp til ulike aktivitetar der ein må kommunisere med kvarandre, eksempelvis enkle spel, matlaging eller tur.
Torsdagstreff på Breim Velkomne til sosialt samvær, aktivitetar og middag i stova på Byrkjelotunet og Reedtunet!
Treningsgrupper "Sterk og stødig" Sterk og Stødig er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne! Instruktørane på trimgruppene er frivillige som har fått opplæring av kommunal fysioterapeut. Vi vil gjerne høyre frå deg som kan tenke deg å bli instruktør.
Turgruppe Turgruppe/ friluftsliv er ei gruppe for folk som har nytte og glede av å komme seg ut i frisk luft saman med andre.