-
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Open Hall
Har du lyst å kome deg ut av huset men det er surt og kaldt ute? Har du lyst å boltre deg og leike, henge med vennar eller familie men har det litt trangt heime? Lyst å treffe nye folk? Nytt tilbod i samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett!Aldersgruppe: For alle
I samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett startar vi tilbodet Open Hall.
Ein gong i månaden opnar vi hallen for folk flest. Vi sett fram mykje spennande utstyr til fri bruk. I tillegg blir der tilbod om eit par ekstra aktivitetar kvar gong.Tilbodet er gratis!!!
4. februar blir det mulig å vere i turn hallen med instruktør frå klokka 12-13.30. Etterpå kan ein prøve seg på boble fotball på bane nede klokka 13.30-15.
Kiosken belagar seg på stor innrykk og bunkrar opp med ekstra mat så kan du få deg ein matbit og rekke bassenget når Open Hall er ferdig kl 15.
Del på:
-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!