Fredag på Myra

Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.

Dette er ein møteplass der ein søkjer kommunen om å delta.

Sjå Gloppen Kommune si heimeside for meir informasjon om påmelding og pris:
https://gloppen.kommune.no/tenester/helse-og-velferd/psykisk-helse/dagaktivitetstilbod-demens/

Klokka 10.45 møtast vi på parkeringsplassen ved kunstgrasbana/Myklebustlflata.
Derifrå går vil til servicebygget på Myra og har friluftsliv/uteliv der.

Eksempel på aktiviteter: 

  • fyre opp bål i grillhytta, koke kaffi mm
  • sitje rundt bålet eller i sola
  • synge
  • gå tur i nærområdet
  • spele kubb /Boccia
  • klippe busker, sage ved eller anna 

Den siste timen, frå kl 13-14, går vi til Aktivitetssenteret, der det blir servert middag.

Foto: Svein Hjelmeset

2024 © Gloppen frivilligsentral