-
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Strikkekveld
Vel møtt til hyggjeleg lag over strikketøy og ein kopp te eller kaffi med noko attåt!På Gloppen Frivilligsentral, Firdavegn 16.
Ope frå kl. 19.00 til kl. 21.00.
Vi serverer kaffi, te og noko godt attåt.
Velkomen med eller uten handarbeid!
Neste Strikkekveld
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Tir 17.12 | 19:00 | Strikkekveld | Gloppen Frivilligsentral |
Del på:
-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!