Middagskøyring

Kvar dag heile året køyrer våre frivillige sjåførar ut middag til heimebuande som treng eller ønskjer middag frå det kommunale kjøkenet. Det går rute til Breim og sentrum og ut på begge sider rundt Gloppefjorden. Dette tilbodet blir sett stor pris på så det er alltid kjekt å kome og levere middagen på døra:-) Vi treng for tida nye sjåførar både kvardagar og i helgar!!!

Aldersgruppe: For alle

Tre frivillige køyrer dagleg ut middag frå det kommunale kjøkenet. Middagskøyringa skjer alle dagar, helgedagar og kvardagar. Frivilligsentralen har omlag 25 sjåførar som køyrer kvar sine dagar. Vi har for tida stort behov for nye sjåførar både kvardagar og helgar -om du vil vite meir, ikkje nøl med å ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral for meir informasjon!

2024 © Gloppen frivilligsentral