-
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Onsdagstreff
Velkomne til sosialt samvær, aktivitetar, trim og middag i kantina på Gloppen omsorgssenter!Kvar onsdag kl 11 til kl 14 møtest eldre til sosialt samvær i kantina på Gloppen omsorgssenter. Det er tid for prat, litt underhaldning og allsong. Det blir gjennomført ei trimøkt som blir tilpassa slik at alle kan delta. Samlinga blir avslutta med felles middag.
Tone Ommedal er ergoterapeut i Gloppen kommune og ansvarleg for møtestaden. Ho har med seg fire av våre frivillige til å lage til og gjennomføre onsdagstreffet. Dei som treng transport blir henta heime av frivillige.
Er du interessert i å vere med ? Ta kontakt med Tone Ommedal på telefon 48170890
Vi treng for tida nye frivillige, så har du lyst å vere med å hjelpe til, ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral!!!
Onsdagstreffet er eit samarbeid mellom Gloppen kommune, Gloppen Frivilligsentral, Gloppen Helselag og Gloppen Bygdekvinnelag.
Onsdagstreff
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Ons 11.12 | 11:00 | Onsdagstreff på Museet!!! | Gloppen Omsorgssenter, Kantine |
Ons 18.12 | 11:00 | Gloppen Omsorgssenter, Kantine |
Del på:
-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!