Nattevandring

Det blir arrangert nattevandring med foreldre til ungdomsskuleelevar og ved Firda Vidaregåande skule. Vi vil gjerne ha fleire frivillige til denne tenesta.

Nattevandring i Sandane sentrum har sidan 1988 blitt organisert gjennom et samarbeid mellom Gloppen Røde Kors, foreldrerepresentantar (FAU) frå Gloppen Ungdomskule, Fritidskonsulent i Gloppen Kommune og Gloppen Frivilligsentral. Omfanget på nattevandringa blir bestemt utifrå ei vurdering av behovet. I 2022 blir det nattevandring i perioden frå påske til sommarferien, pluss frå sommarferien og utover hausten. Nattevandringa i år vil bli organisert i samarbeid med den nyoppstarta ungdomsklubben. 

I tillegg vert det utført nattevandring når Firdaelevane arrangerer fest i Gimle. Då er det foreldre til elevar ved Firda vidaregåande skule som vandrar.

Om du er forelder som ønskjer å gå meir enn du er oppsett, eller om du er ein annan vaksen som ser kor viktig denne innsatsen er, håpar vi du melder deg! Vi tek kontakt og avklarar omfang og tider slik at det vil høve deg!

2024 © Gloppen frivilligsentral