-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!Du treng ikkje spesiell kunnskap eller egenskaper, du treng eigentleg berre å vere deg sjølv. Før du startar opp går du gjennom et kurs, og heile perioden vil du ha eit støtteapparat med erfaring og kompetanse i ryggen.
Det einaste som krevast er tida di, og at du ønskjer å kunne bruke den til noko meiningsfylt samtidig som du blir kjent med eit nytt menneske. De brukar tid saman så ofte du ønsker, men minst fire timar i månaden.
Når du melder deg som aktivitetsvenn får du tilbud om gratis kurs. På kurset lærer du om demens, kommunikasjon og rollen som aktivitetsvenn. Vi spør deg om dine interesser og kobler deg til nokon som har samme interesser som deg. Dette gjer vi fordi personlege interesser og kjemi er viktig for at de begge skal få glede av å bruke tid saman.
Du får også ein kontaktperson som er tilgjengeleg for spørsmål du måtte få undervegs, og du får tilbod om rettleiiing i fellesskap med andre aktivitetsvenner.
Del på:
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!
-
Hjelp med mobil, nettbrett og datamaskin
Gloppen Frivilligsentral samarbeider med seniornett om opplæring for å heve datakompetansen blant folk flest. Vi har alt frå data/mobilhjelp på Gloppen Folkebibliotek ein dag i veka til ein til ein undervisning og meir jamnlege kurs i grupper.