Torsdagstreff på Breim

Velkomne til sosialt samvær, aktivitetar og middag i stova på Byrkjelotunet og Reedtunet!

Kvar torsdag kl 11 til kl 14 møtest eldre til sosialt samvær på Byrkjelotunet eller Reedtunet. Det er tid for prat, litt underhaldning og allsong. Det blir gjennomført ei trimøkt som blir tilpassa slik at alle kan delta. Samlinga blir avslutta med felles middag.

To frivillige har ansvar for å lage til og gjennomføre torsdagstreffet. Dei som treng transport blir henta heime av frivillige.

Torsdagstreffet er eit samarbeid mellom Gloppen kommune, Gloppen Frivilligsentral, Breim sanitetslag, Breim Bygdekvinnelag og Breim pensjonistlag. 


2024 © Gloppen frivilligsentral