Torsdagstreffet

Dagaktivitetstilbod for personar med demens kvar torsdag kl 11 - 14.

Dette er ein møteplass der ein søkjer kommunen om å delta.
Sjå heimeside: https://gloppen.kommune.no/tenester/helse-og-velferd/psykisk-helse/dagaktivitetstilbod-demens/

Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg og 1-2 frivillige i trivelege lokale på Aktivitetssenteret vis-à-vis arbeidskyrkja. Deltakarane blir henta og køyrde heim av fagansvarleg.

Vi startar med frukt, drikke og triveleg prat rundt stovebordet og held fram med ulike aktivitetar. Desse vert tilpassa årstidene og kva du som deltakar meistrar og har interesse av. Stunda blir avslutta med felles middag og kaffi før deltakarane blir køyrde heim.

Døme på aktivitetar:

  • Turgåing
  • Formingsaktivitetar 
  • Trim
  • Song
  • Avislesing
  • Borddekking
  • Drivhus
  • Utflukt

Fagleg ansvarleg er ergoterapeut Tone Ommedal. 


Torsdagstreffet

Dato Kl. Tittel Sted
Tor 18.09 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 25.09 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 02.10 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 09.10 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 16.10 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 23.10 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 30.10 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 06.11 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 13.11 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 20.11 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 27.11 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 04.12 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 11.12 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
Tor 18.12 10:30 Torsdagstreffet Aktivitetssenteret - Åsavegen 133 E
2025 © Gloppen frivilligsentral