-
Aktivitetsvenn
Som frivillig aktivitetsvenn blir du kobla med ein person med demens som har same interesse som deg. De kan gå tur, spele spel, fiske, måle, gå på kino og delta på kulturarrangement - eller møtest for ein kopp kaffi og ein prat. Målet er at den tida de er saman, skal vere til glede for begge!
Middagskøyring
Kvar dag heile året køyrer våre frivillige sjåførar ut middag til heimebuande som treng eller ønskjer middag frå det kommunale kjøkenet. Det går rute til Breim og sentrum og ut på begge sider rundt Gloppefjorden. Dette tilbodet blir sett stor pris på så det er alltid kjekt å kome og levere middagen på døra:-) Vi treng for tida nye sjåførar både kvardagar og i helgar!!!Aldersgruppe: For alle
Tre frivillige køyrer dagleg ut middag frå det kommunale kjøkenet. Middagskøyringa skjer alle dagar, helgedagar og kvardagar. Frivilligsentralen har omlag 25 sjåførar som køyrer kvar sine dagar. Vi har for tida stort behov for nye sjåførar både kvardagar og helgar -om du vil vite meir, ikkje nøl med å ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral for meir informasjon!
Del på:
-
Besøksven/turven
Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!
-
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.
-
Fredag på Myra
Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens. Eit tilbod til dei som likar seg ute heile året og som greier å gå litt i terrenget. Ei gruppe på inntil seks deltakarar møtest saman med ein fagansvarleg. På Myra er det toalett og grillhytte, og i Servicebygget er det alltid varmt dersom det blir for kaldt ute. Av og til sommartid tek vi turar/utflukter til støylar og dalar.
-
Følgeteneste
Treng du følgje til sjukehus, lege, tannlege o.l? Ta kontakt med oss så kan vi prøve å hjelpe!