Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis Gloppen Frivilligsentral samlar inn, lagrar og nyttar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.

Innleiing

Ved Gloppen Frivilligsentral er vi opptatt av at du skal ha tillit til oss og korleis vi handsamar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerer vi om korleis vi innhentar, oppbevarer og brukar personopplysningar. Vårt mål er å være heilt opne om dei data vi samlar inn og gje deg forståing for korleis desse data vert brukt og evt. delt.

Kva opplysningar vi samlar inn og handsamar

Informasjon om våre frivillige

Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidlar frivillig innsats. Derfor har vi et register over de frivillige, der dei frivillige gir sitt samtykke til lagring av følgjande opplysningar:

  • Navn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilde
  • Kva aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva oppdrag den frivillige deltar på

Frivillige som ønskjer det, får tilgang til å logge inn på systemet, og kan da sjå kontaktopplysningar om dei andre frivillige. Dette er gjort for å forenkle kontakten mellom dei frivillige.

Vi sørge for at alle våre frivillige skrive under erklæring av teieplikt og innhentar politiattest for dei som skal arbeide med barn og ungdom. I vårt register lagrar vi erklæring om teieplikt og politiattest.

Informasjon om våre brukarar/tenestemottakarar

Når vi formidlar frivillig arbeid til enkeltpersonar, treng vi å ha kontaktinformasjon om dei som mottar tenestene. Dette gjerast for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere ei god teneste.

Informasjon om våre deltakere

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng vi av og til å vite kva personar som deltek. Her lagrar vi for det meste kontaktinformasjon.

Informasjon om de som besøker nettsidene våre

For de som besøker våre nettsider, samlar vi inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Vi nyttar Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressa anonymiserast ved at vi slettar den siste siffergruppa. All kommunikasjon foregår over sikker forbindelse med https.

Informasjon om de vi er i kontakt med

Vi lagrar ofte telefonnummer og e-post på de vi er i kontakt med. Når det gjelder e-post, tar vi vare på inn- og utgåande e-post for arkivbehov. Vi har ikkje sentralbord, men bruker en mobiltelefon som hovudnummer.

Kven delar vi personopplysningar med?

Vi delar informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der vi meiner det er nødvendig. Elles deler vi ikkje personopplysningar med nokon utanfor frivilligsentralen.

Dine rettar

Personar som har personopplysningar hos Gloppen Frivilligsentral kan be om følgjande:

  • Få tilgang til personopplysningar vi har om vedkomande
  • Slette opplysningar som vi ikkje lenger har grunnlag til å oppbevare
  • Avgrense eller stoppe handsaming av dine opplysningar

Ta gjerne kontakt med oss hvis du vil ha mer informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nederst i dokumentet.

Dersom du meiner at vi handsamar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at vi kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle misforståingar

Kontaktinformasjon

  • Gloppen Frivilligsentral
  • Org.nr: 971366362
  • Kontaktpersonar
    • Kari Arnestad, dagleg leiar
    • Thor Horntvedt, styreleiar
  • Telefon: 92 12 05 05
  • E-post: post@gloppen.frivilligsentral.no
  • Adresse: pb 67, 6821 SANDANE. Besøksadresse: Firdavegen 16, Sandane


2024 © Gloppen frivilligsentral