Spander ei handlevogn

Det nærmer seg jul og for mange kan dette vere ei ekstra sårbar tid, dersom pengane ikkje strekkjer heilt til. Prosjektet "Spander ei handlevogn" vart til etter initiativ frå ein privatperson. Ifjor delte vi ut fleirfaldige tusen kroner til folk som trengte det.

"Spander ei handlevogn" starta etter initiativ frå ein privatperson er no eit samarbeidsprosjekt mellom hen, NAV og Gloppen Frivilligsentral.

Hensikten er at folk flest enkelt kan donere pengar til andre som er verre stilt økonomisk. Støtta blir gitt ved at dei kjøper gåvekort på matbutikkane, ein valfri sum, som blir delt ut til folk som treng det. 

Utdelinga blir administrert av Gloppen Frivilligsentral. Vi har forståing for at det kan vere tøft å møte opp for å be om pengarar så vi er opptatt av å ivareta alle som kjem for å hente gåvekort på ein respektfull og diskret måte. 

Ifjor fekk vi inn ein drøss med gåvekort frå privatpersonar, nokre organsisasjonar og bedrifter, og vi delte ut rubb og stubb. Ei travel men gjevande førsjulstid for oss som var med å dele ut korta!


2025 © Gloppen frivilligsentral