Besøksven/turven

Ein besøksven møter menneske som bur heime eller på institusjon og som har meldt at dei ønskjer nokon som besøkjer dei fast. Aktiviteten dei gjer saman kan vere å gå ein tur saman, spele spel, drikke kaffi, lese avisa eller prate og le saman!

Aldersgruppe: For alle

Vi ønskjer fleire besøksvener i alle aldrar, både kvinner og menn. Det kan vere ulike grunnar til ønskje om besøksven, men felles er ønskje om å vere saman med nokon. Alle treng vi nokon å snakke med og nokon som bryr seg. 

Mange besøksvener fortel at dette er gjevande og meiningsfylt. Det å kome heim til nokon, bli kjende og gjere ein aktivitet som høver begge partar.

Dei som blir besøksvener avgjer kor ofte dei vil gjere avtale om besøk. Det kan vere ein gang i veka, men for nokon kan det vere oftare eller sjeldnare. Er det periodar det ikkje høver, så kan dette meldast til frivilligsentralen. Besøksvener har teieplikt.

2024 © Gloppen frivilligsentral