Sterk og Stødig er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne! Instruktørane på trimgruppene er frivillige som har fått opplæring av kommunal fysioterapeut. Vi vil gjerne høyre frå deg som kan tenke deg å bli instruktør.
"Sterk og stødig" er forebyggande treningsgrupper for seniorar. Gruppetreningane er basert på fleire internasjonale studier som har undersøkt effekten av balanse- og styrketreningsprogram for seniorar med risiko for fall og funksjonssvikt. Målgruppa er heimebuande seniorar som kan gå utan hjelpemiddel innandørs.
Treningsgruppene er etablert i eit samarbeid mellom idrettslaga Fjellhug Vereide, Brodd, Breimsbygda, Frisklivssentralen og Frivilligsentralen. Alle instruktørane har vore gjennom instruktøropplæring.