-
Har du lyst å bety noko for andre?
Har du litt tid til overs og lyst å bruke den på andre? Vi treng fleire frivillige!!
Aktivitetsvenn
Vil du gjere noko for ein person med demens? Gloppen har signert avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse om aktivitetsvenn. Vi tilbyr gratis kurs for interesserte.Gjennom tilbodet Aktivitetsvenn får menneske med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Menneske med demens kan ha stor gleda av å gjere aktivitetar dei trivast med, sjølv om dei er sjuke.
Gjer noko du likar
Det er ikkje vanskeleg eller veldig krevande å vere aktivitetsvenn, det er berre hyggjeleg. Du treng ingen spesielle kunnskapar eller eigenskapar. Du treng eigentleg berre vere deg sjølv. Det du likar å gjere er eit godt utgangspunkt. Også personar med demens likar å gjere noko hyggjeleg, og kjensla av å gjere noko hyggjeleg varer lenge.
Kurset gir kunnskap
Aktivitetsvenn er utvikla av Nasjonalforeningen for folkehelse og blir tilbydd i over 200 kommunar i heile landet. Det er første gang vi tilbyr kurset i Gloppen og vi håpar mange vil melde seg på.
Kurset vil lære deltakarane om dei ulike demenssjukdommane og korleis dei best kan vere ei støtte for menneske med demens.
Aktivitetsvenn er for alle
Nasjonalforeninga opplyser at det finns aktivitetsvennar frå 14 til langt over 90 år. Og aktivitetsvenene melder at dei opplever det veldig meiningsfylt, fortel rådgjevar Eline Sannes Riiser i Nasjonalforeningen for folkehelse. Aktivitetsvenene blir godt følgt opp av ei lokal arbeidsgruppe. I Gloppen er denne samansett av Randi Reed og Anne Lise Solheim frå Gloppen kommune, Anne-Grete Hoddevik frå Gloppen Helselag og Elfrid R Håheim frå Gloppen Frivilligsentral.
Kurset er på seks timar og etter kurset vil deltakarane bli kobla opp med menneske som har same interesse, slik at Aktivitetsvennen og personen med demens kan gjere aktivitetar som begge trivast med. Det kan td. vere å fiske, sjå film, lage mat eller trene.
Kontaktpersonar:
For meir informasjon kontakt Elfrid R Håheim tlf 92120505, elfrid@gloppen.frivilligsentral.no eller Randi Reed tlf. 95937747, randi.reed@gloppen.kommune.no
Fakta:
- Demens er ein dødlegg hjernesjukdom
- I dag har over 100 000 menneske i Noreg demens, og talet vil truleg doblast fram mot 2050.
- Demens råkar først og frems eldre, men også yngre personar kan få demens.
- På verdsbasis lever nesten 50 millionar med demens, eit tal som vil auke til meir enn 130 millionar fram mot 2050.
- Demens fører til svekka minne, problem med daglege gjeremål og personlegdomsendringar
- Det finns ikkje nokon kur mot demens i dag.
- For å finne medisin og behandling, trengs det forskning
Nasjonalforeningen for folkehelsen er interesseorganiasjon for personar med demens og pårørande. Nasjonalforeningen finansierar demensforskning gjennom innsamla midlar.
Del på:
-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlige medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!