-
Har du lyst å bety noko for andre?
Har du litt tid til overs og lyst å bruke den på andre? Vi treng fleire frivillige!!
Data kurs
Er du ein av dei som føler at du ikkje strekk til i dagens datasamfunn? Meld deg på , gratis, individuell dataopplæring!Pensjonistlaga i Gloppen samarbeider med kommunen, Seniornett Gloppen og Sandane datastove om å tilby gratis datakurs for å ruste deg til å klare deg betre i vår digitale kvardag.
Du vil lære:
- Å sende og ta imot e-post, tekstmeldingar, bilde og video frå telefon
- Å betale rekningar gjennom nettbank
- Å bruke internett til glede og til å skaffe deg nødvendig informasjon
- Å logge inn og bruke offentlige sider, som eksempelvis helsenorge, NAV og pasientreiser.
Opplæringa blir for det meste ein til ein, så det er rom for å tilpasse opplæringa til kvar enkelt.
Lyst å meld deg på eller få meir informasjon?
Kom innom Frivilligsentralen eller ring oss på 92120505!
Del på:
-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlige medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!