-
Har du lyst å bety noko for andre?
Har du litt tid til overs og lyst å bruke den på andre? Vi treng fleire frivillige!!
Frivilligkonferansen Vestland
I samband med Frivilligåret 2022 inviterer Vestland fylkeskommune frivilligheita i fylket til konferanse 18. juni.Korleis få auka deltaking, fleire deltakarar, frivillige og medlemer?
Korleis kan frivilligheita bidra til eit meir berekraftig samfunn?
Korleis reduserer vi barrierar og opnar opp for fleire?
Kva er vegen vidare for frivilligheita i Vestland?
Bli inspirert. Bli utfordra. Bli med på Frivilligkonferansen Vestland.
Målgruppe
Konferansen er open for alle, men hovudmålgruppa er frivillige og tillitsvalde i frivillige organisasjonar.
Her kan du lese program og melde deg på; Frivilligkonferansen - Vestland fylkeskommune
Del på:
-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlige medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!