-
Har du lyst å bety noko for andre?
Har du litt tid til overs og lyst å bruke den på andre? Vi treng fleire frivillige!!
Gloppen Foreningsportal
Sjekk ut I Gloppen -her kan du finne informasjon om frivillige lag og organisasjonar i Gloppen!Gloppen kommune har eit rikt foreningsliv med mange spennande aktivitetar!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer å hjelpe til med å synliggjere mangfaldet. Gjennom Foreningsportalen vil vi gje folk oversikt over alle tilboda som finns og korleis ein kan kome i kontakt med dei ulike laga og organisasjonane. Vi har også ei målsetting om at dette kan vere ein nettstad der frivillige kan marknadsføre sin organisasjon.
Gloppen Frivilligsentral har starta jobben med å registrere inn tilgjengelig informasjon, men skal vi nå målsetjinga vår, er det viktig at alle lag og organisasjonar oppdaterer eigen informasjon.
Del på:
-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlige medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!