-
Har du lyst å bety noko for andre?
Har du litt tid til overs og lyst å bruke den på andre? Vi treng fleire frivillige!!
Strikkekveld
Enten vi likar det eller ikkje er hausten på veg. Det blir mørkare om kveldane og meir tid til å vere inne og, ja -ta fram handarbeidet😊 Vi startar snart opp igjen med strikkekveldar. Her finn du tidene for hausten!12. og 26. september
10. og 24. oktober
7. og 21. november
5. og 19. desember
Velkomen til sosialt samvær med handarbeid og noko å bite i!
Vi vil takke Europris, Fantasi, Sandane tekstil og interiør, Lopperiet og privatpersonar for bidrag med garn og pinnar.
Del på:
-
Rusfri 16 mai natt
Vi er godt igong med planlegging av årets arrangement. Eg har fått med meg en gjeng flotte og kreative ungdommar i tillegg til dei vanlige medarrangørane mine. Vi er et godt team så dette blir nok eit kanon arrangement!!!! Følg med for oppdateringar:-)
-
Grasrotandelen – Litt støtte blir til mykje!!!
Heile overskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige formål. Visste du at du som er Norsk Tipping-kunde kan være med og bestemme kva deler av overskotet skal gå til? Det kan du gjennom Grasrotandelen.
-
Open Hall 24. mars!!!
Vi knallar til med ny Open Hall i påska!!! Både Maria, May-Britt og eg var i sving under Open Hall forrige gong. I tillegg hadde vi med oss 2 turninstruktørar, 3 frå crewet på "Subben" og 4 frivillige i klatreveggen. Når det kjem så mykje folk er vi HEILT avhengige av hjelp frå frivillige!!! Vi har fortsatt plass til fleire hjelparar!!!
-
Den internasjonale kvinnedagen
Vi feirer den internasjonale kvinnedagen; 8. mars på Nordfjord Folkemuseum. Godt program med dugande kvinner, mat og prat! Velkomen!!!