Fredag 8 Mars 2019
Kl. 19:30 - 22:00, Gloppetun, andre høgda over Gloppebua
8. mars møte
Velkomen til 8.mars-møte og feiring av den internasjonale kvinnedagen!

Vi gjentek suksessen og inviterer til kveldsmøte på kvinnedagen 8. mars. Det er gratis å kome inn og siste åra har det vore fullt hus med kvinner i alle aldrar. Vi har gjort det slik at alle tek med  seg eit pålegg til felles matbord, og så et vi kvelds saman.
 
I år har vi ein spesiell gjest på besøk. Ho heiter Susanne Skogstad. Ho kjem frå Nordfjordeid og bur i dag i Oslo. I fjor
debuterte ho med ein liten, men strålande roman som heiter Svartstilla. Susanne Skogstad er sjølv 26 år, men skriv om
kjærleik, einsemd og lengsel etter å høyre til, frå perspektivet til ei gamal kvinne. Susanne Skogstad har fått mykje ros for denne debuten og vi trur ho vil gje kvelden eit løft.

Det vert også song av Veronika Kvandal Gjelsten, internasjonal helsing og appell frå Andrea Refvik og Marie Oppedal i Gloppen SU. Katrine Heggelund leiar oss gjennom kvelden.

Denne 8. mars-kvelden er ein strålande kombinasjon av godt program, felles kveldsmat og mykje god prat. Velkomen!

Desse er tilskiparar:
Gloppen frivilligsentral, Gloppen folkebibliotek, Gloppen bygdekvinnelag, Gloppen SV, Gloppen Ap, Gloppen Sp og Gloppen Mållag.

2024 © Gloppen frivilligsentral