Onsdag 22 Februar 2023
Kl. 11:00 - 14:00, Kantina på Gloppen Omsorgssenter
Onsdagstreff
Velkomne til sosialt samvær, aktivitetar, trim og middag i kantina på Gloppen omsorgssenter!

Kvar onsdag kl 11 til kl 14 møtest eldre til sosialt samvær i kantina på Gloppen omsorgssenter. Det er tid for prat, litt underhaldning og allsong. Det blir gjennomført ei trimøkt som blir tilpassa slik at alle kan delta. Samlinga blir avslutta med felles middag.

Tone Ommedal, som er ergoterapeut i Gloppen Kommune, har ansvar for treffet. Ho har med seg fire frivillige til å lage til og gjennomføre onsdagstreffet. Dei som treng transport blir henta heime. 

Lyst å vere med? -Meld deg på til Tone M Ommedal på telefon 48170890. Har du berre lyst å vite meir eller treng du skyss til og frå ringer du også Tone!

Onsdagstreffet er eit samarbeid mellom Gloppen kommune, Gloppen Frivilligsentral, Gloppen Helselag og Gloppen Bygdekvinnelag. 


 

2024 © Gloppen frivilligsentral