Mandag 8 April
Kl. 17:00 - 18:00, Runnevang
Sterk og stødig
Trimgruppe for seniorar

Sterk og Stødig er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne! Instruktørane på trimgruppene er frivillige som har fått opplæring av kommunal fysioterapeut. Vi vil gjerne høyre frå deg som kan tenke deg å bli instruktør!

Her byter fire instruktørar på å leie treningane. Det er no ca 20 personar som deltek på treningane men her er plass til fleire! Har du behov for skyss til og frå; -ring frivilligsentralen på telefon 92120505, så formidlar vi kontakt vidare!

2024 © Gloppen frivilligsentral