Kvar onsdag kl 11 til kl 14 møtest eldre til sosialt samvær i kantina på Gloppen omsorgssenter. Det er tid for prat, litt underhaldning og allsong. Det blir gjennomført ei trimøkt som blir tilpassa slik at alle kan delta. Samlinga blir avslutta med felles middag.
Tone Ommedal er ergoterapeut i Gloppen kommune og ansvarleg for møtestaden. Ho har med seg fire av våre frivillige til å lage til og gjennomføre onsdagstreffet. Dei som treng transport blir henta heime av frivillige.
Er du interessert i å vere med ? Ta kontakt med Tone Ommedal på telefon 48170890
Vi treng for tida nye frivillige, så har du lyst å vere med å hjelpe til, ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral!!!
Onsdagstreffet er eit samarbeid mellom Gloppen kommune, Gloppen Frivilligsentral, Gloppen Helselag og Gloppen Bygdekvinnelag.