Tirsdag 26 Desember 2023
Kl. 11:00 - 12:00, Trivselshagen bad og idrett
Sterk og stødig
Sterk og Stødig er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne! Instruktørane på trimgruppene er frivillige som har fått opplæring av kommunal fysioterapeut. Vi vil gjerne høyre frå deg som kan tenke deg å bli instruktør.

"Sterk og stødig" er forebyggande treningsgrupper for seniorar. Gruppetreningane er basert på fleire internasjonale studier som har undersøkt effekten av balanse- og styrketreningsprogram for seniorar med risiko for fall og funksjonssvikt. Målgruppa er heimebuande seniorar som kan gå utan hjelpemiddel innandørs. 

Treningsgruppene er etablert i eit samarbeid mellom idrettslaga Fjellhug Vereide, Brodd,  Breimsbygda, Frisklivssentralen  og Frivilligsentralen. Alle instruktørane har vore gjennom instruktøropplæring. 

Mandagar

- Sterk og stødig i Breim, oppstart 13. oktober kl 15.00- 16.00 I gymsalen på Breim skule. Kontaktperson Kari Paulen m. fleire
- Sterk og stødig på Rygg. I Runnevang kl 17.00- 18.00. Kontaktperson Tordis Sande m. fleire
- Sterk og stødig i Hyen. I gymsalen på Hyen skule kl 15.00- 16.00. Kontaktperson Kirsti Meyer Hope.

Tysdagar
- Sterk og stødig i Firdahallen. I midtsalen i Firdahallen kl 10.30- 11.30. Kontaktperson Marit Reikvam m. fleire

Torsdagar
- Sterk og stødig i kantina på Omsorgssenteret. Kl 10-11.00. Kristin Lerpold
- Sterk og stødig på Nordstranda skule. Kl 16.30- 17.30. Sigtor Tveit m. fleire

Kantina på omsorgssenteret fredagar kl 10-11. Her må du kontakte fysioterapeut for å avklare deltaking.

Treng du skyss kan du kontakte frivilligsentralen på tlf. 92120505.



2025 © Gloppen frivilligsentral