Tirsdag 13 Februar
Kl. 17:00 - 18:30, Kantina, Gloppen Omsorgssenter
Demenskor
Har du, eller kjenner du nokon med kognitiv svikt som er glad i å synge? Kontakt Gloppen Frivilligsentral for meir info eller påmelding.

Demenskoret har fått ei fantastisk mottaking og bidreg til auka openheit og forståing for personer med demens og deira pårørende. Musikk og samspel med andre kan ha positiv effekt på kognitive utfrodringar, og kan føre til oppleving av glede og verdifulle augeblikk av meistring. Evna til å synge og hugse melodiar beheld dei fleste med demens. Forskning viser at song og musikk har ein positiv effekt på symptom og livskvalitet hjå personar med demens. 

Gloppen Demenskor er eit lavterskeltilbod for personar med kognitiv svikt. Koret vart starta som eit prøveprosjekt og vi hadde hadde første korøving 11. april. Vi var usikre på kor mange koristar vi ville få med oss og hadde i utgangspunktet ikkje pengar å bruke på tilbodet. Tilbodet har blitt svært populært og vi får fortsatt nye koristar og frivillige! Per no tel koret 25 koristar og over 30 frivillige. Dagleg leiar ved Gloppen Frivilligsentral fungerer som koordinator og talsperson for koret. Ingunn Byrkjedal er dirigent og Steinar Engelbrektson er med som tonefølgje. I tillegg har vi godt samarbeid med Gloppen Kommune, som blant anna bidreg med gratis lokale. 

Foto: Firda Tidend

2024 © Gloppen frivilligsentral