Søndag 22 September
Kl. 12:00 - 15:00, Trivselshagen bad og idrett
Open Hall
Har du lyst å kome deg ut av huset men det er surt og kaldt ute? Har du lyst å boltre deg og leike, henge med vennar eller familie men har det litt trangt heime? Lyst å treffe nye folk? Nytt tilbod i samarbeid med Trivselshagen Bad og Idrett!

Kva er Open Hall?
Open hall er eit samarbeidsprosjekt mellom Gloppen Frivilligsentral og Gloppen Kommune. Ein søndag i månaden opnar vi opp for at alle som vil kan kome til Trivselshagen bad og idrett, og vere i aktivitet heilt gratis kl. 12-15. Målet med Open Hall er å skape ein møteplass der ein kan kome saman, vere aktive og sosiale i lag med kvarandre. Hovudfokuset ligg på eigenorganisert aktivitet der ein sjølv står ansvarleg for aktivisering innanfor dei rammene vi har. Under nokre open hall arrangement kan det hende det dukkar opp tilbod om organiserte aktivitetar, der ein instruktør/frivillig står i spissen for å vise fram/lære andre om sin aktivitet. Trivselsbadet er dessverre ikkje ein del av open hall.

Lyst å hjelpe?
Det kan vere enkle oppgåver som å rigge til og rydde i hallen eller organisere kø til aktivitetane. Har du brattkort eller sikringskurs? Idèar til aktivitetar eller andre ferdigheiter som kan kome til nytte i Open Hall?  
Vi set pris på alle bidrag!
Ta kontakt med Gloppen Frivilligsentral Tlf: 921 20 505 eller send ein epost til post@gloppen.frivilligsentral.no


2024 © Gloppen frivilligsentral