Vi har gjort det til ein årleg suksess å invitere kveldsmøte på kvinnedagen 8. mars. Det er gratis å kome inn og siste åra har det vore fullt hus med kvinner i alle aldrar. Vi har gjort det slik at alle tek med seg eit pålegg til felles matbord, og så et vi kvelds saman.
Programmet har variert frå år til år, men felles har det vore innslag med kvinner i ulike aldrar og frå ulike kulturar. Det har vore song/musikk og diktlesing.
Denne 8. mars-kvelden er ein strålande kombinasjon av godt program, kveldsmat og mykje god prat.
Velkomen!
Desse er tilskiparar:
Gloppen Bygdekvinnelag, Gloppen Mållag, Gloppen Frivilligsentral, Gloppen SV, Gloppen Ap, Gloppen Sp.