Onsdag 5 Februar 2020
Kl. 11:00 - 14:00, Kantina Gloppen omsorgssenter
Onsdagstreff
Velkomne til sosialt samvær, trim, aktivitetar og felles middag!

                                  

Kvar onsdag kl 11 til kl 14 møtest eldre til sosialt samvær i kantina på Gloppen omsorgssenter. Det er tid for prat, litt underhaldning og allsong. Det blir gjennomført ei trimøkt som blir tilpassa slik at alle kan delta. Samlinga blir avslutta med felles middag. 

Tone Ommedal er ergoterapeut i Gloppen kommune og ansvarleg for møtestaden. Ho har med seg fire frivillige til å lage til og gjennomføre onsdagstreffet. Dei som treng transport blir henta heime av frivillige.

Onsdagstreffet er eit samarbeid mellom Gloppen kommune, Gloppen Frivilligsentral, Gloppen Helselag og Gloppen Bygdekvinnelag. 

2024 © Gloppen frivilligsentral