Torsdag 12 Januar 2023
Kl. 16:30 - 17:30, Nordstranda skule
Sterk og stødig
Sterk og Stødig er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne! Instruktørane på trimgruppene er frivillige som har fått opplæring av kommunal fysioterapeut. Vi vil gjerne høyre frå deg som kan tenke deg å bli instruktør!

På Nordstranda er det to mannlege og og ein kvinnelig instruktør som byter på å leie treningane. For tida er der ca 20 personar som deltek, men der er fortsatt plass til fleire!
Økta varer omlag ein time og blir avslutta med ein kaffekopp med noko å bite i og litt prat.

Har du behov for skyss til og frå; -ring Frivilligsentralen på telefon 92120505 så formidlar vi kontakt vidare!


2024 © Gloppen frivilligsentral