Mandag 1 April
Kl. 15:00 - 16:00, Gymsalen på Byrkjelo
Sterk og stødig
Trimgruppe for seniorar.

Sterk og Stødig er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne! Instruktørane på trimgruppene er frivillige som har fått opplæring av kommunal fysioterapeut. Vi vil gjerne høyre frå deg som kan tenke deg å bli instruktør!

Her byter to instruktørar på ansvaret for å leie treningane. Økta varer omlag ein time. Har du behov for transport til og frå; -ring frivilligsentralen på telefon 92120505 så formidlar vi kontakt vidare!

2024 © Gloppen frivilligsentral