Tirsdag 5 Desember 2023
Kl. 11:00 - 12:00, Trivselshagen bad og idrett
Sterk og stødig
Sterk og Stødig er trimgrupper for seniorar. Treningsprogrammet gir allsidig trening og har spesielt fokus på fallførebygging. Treningane er opne og du kan møte opp utan å melde deg på på førehand. Både dei som har delteke før og nye deltakarar er hjartleg velkomne! Instruktørane på trimgruppene er frivillige som har fått opplæring av kommunal fysioterapeut. Vi vil gjerne høyre frå deg som kan tenke deg å bli instruktør.

"Sterk og stødig" er forebyggande treningsgrupper for seniorar. Gruppetreningane er basert på fleire internasjonale studier som har undersøkt effekten av balanse- og styrketreningsprogram for seniorar med risiko for fall og funksjonssvikt. Målgruppa er heimebuande seniorar som kan gå utan hjelpemiddel innandørs. 

Treningsgruppene er etablert i eit samarbeid mellom idrettslaga Fjellhug Vereide, Brodd,  Breimsbygda, Frisklivssentralen  og Frivilligsentralen. Alle instruktørane har vore gjennom instruktøropplæring. 

Treningane foregår

Trivselshagen Bad og Idrett tirsdagar kl 1. Oppstart 17. oktober

Runnevang måndagar kl 17. Oppstart 19.september.

Nordstranda skule torsdagar kl 16.30. Oppstart 9. september.

Gymsal Byrkjelo måndagar kl 15.

Kantina på omsorgssenteret fredagar kl 10-11. Her må du kontakte fysioterapeut for å avklare deltaking.

Treng du skyss kan du kontakte frivilligsentralen på tlf. 92120505.



2024 © Gloppen frivilligsentral