22. – 28. juni er det Vestland som er i fokus. Det er vi her i Nordfjord som får æra av å starte markeringa i Vestland fylke 22. juni.
Sykkelruta og festivalen er lagt midt i Nordfjord.
Her skal det både syklast og arrangerast tidenes første? Nordfjord Frivilligfestival.
Vi håpa på å få med flest mogleg og mest mogleg av aktivitetar, tilbod og folk.
Her er ein muligheit å viser breidda i det vi har i Nordfjord av livskvaliteten som blir skapt av blant frivilligheita og engasjement i sitt lokalsamfunn.
Litt meir om sykkelturen : (10 km)
Etappe 33, sykkelruta i Nordfjord går frå Klenkarberget Sommercamp, Hauane til Nordfjord frivilligfestival i Eksersisplassen. (Malakoff)
Vi møter på Klenkarberget kl.12.00 . Etter litt aktivitetar, mingling og oppvarming startar vi å sykle mot Nordfjordeid sentrum.(kl. 13.00)
Første stopp blir oppom Operahuset. Deretter syklar vi innom Hogatunet bufelleskap.
Vegen går vidare mot Stad rådhus.
Ca kl. 14.10 sykla og får vi i folketog igjennom sentrum og videre til tidenes første Nordfjord Frivilligfestival.
Meir informasjon om ruta og klokkeslett finn du på www.sykkelturen2022.no
Viktig med markering i alle deler av Nordfjord!
Sjølv om det er fastlagt ei rute, så er det viktig at vi får markert dagen i heile Nordfjord - også dei stadane ruta ikkje går forbi.
Har du /ditt lag /organisasjon eit arrangement /aktivitet som skjer 22.juni ein stad i Nordfjord?
Då kan de melde det inn til oss og vi legg det inn på parallelle arrangement på sykkelturen si nettside.
(parallelle arrangement er då ein anan plass i Nordfjord eller før /etter sykkeltrua på Eid)
Nordfjord Frivilligfestival:
Vi vil markere og feire frivilligheita med ein festival der vi møtast og har det kjekt i lag.
Her blir det tilrettelagt for å ha stand, utstilling, smakebitar av mat og aktivitetar og lett underholdning og feiring.
Vi oppfordrer til å være kreative og bli med å vise/skape aktivitet på festivalen.
Eksempel for å starte hjerneaktivitet:
hesteridning, fotball, bridge, sjakk, husflid, naturvern, bueskyting, hesteskokasting,
korps, kor, karate….
Dette er ein flott sjanse til å inspirere og bli inspirert😊
Lag og organisasjonar som melder seg på Nordfjord Frivilligfestival eller som melder inn og arrangera parallelle arrangement i Nordfjord er med i trekkinga av ein pengepremie.
(Parallelle arr. er enten ein aktivitet ein anna plass i Nordfjord den dagen eller
som blir arrangert før/etter sykkeltrua og Nordfjord Frivilligfestival.)
Påmelding:
Ein kan melde seg på med kva som helst og der det passar best for din aktivitet/interesse.
Ein kan til dømes:
- Vere sjåfør eller passasjer på ein av Norges Frivilligsentral sine El syklar
- Delta på Nordfjord frivilligfestival med stand, aktivitet, oppvisning, konsert +
- Melde inn eit parallelt arrangement i regionen.
Har ein lyst å finne på noko langs ruta som de vil sykkelturen skal stoppe innom, melder ein også inn dette.
Ein treng ikkje å melde seg på for å ville vere med på eigen sykkel, stå langs vegen å heie, vifte med flagg, eller gå i tog igjennom Eid sentrum, frå Stad Rådhus til Festivalen.
Følg gjerne med på nettsida til sykkelturen kva arrangement og aktivitetar som blir til no framover:)
https://sykkelturen2022.no/admin/etappe?EtappeNr=33
Vil du vere med?
Ta kontakt med Dagleg leiar :) Sjå kontaktopplysningar nedst på sida.
Kom gjerne med dine idear, innspel og tilbakemeldingar!
Og ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål.
Dette vil bli ein unik oppleving og ein flott måte å synleggjere mangfaldet av aktivitet og tilbod i lokalsamfunna våre.
Kvifor er Sykkelturen viktig?
Målet er med sykkelturen å synleggjere kor viktig felleskap og einskildmennesket er som ressurs. Saman skal vi løfte fram frivilligheita, på hjul fra Nordkapp til Arendalsuka. Kvart fylke har fått tildelt si markeringsveke. I skrivande stund er Frivilligsentralene og ei rekkje samarbeidsorganisasjoner i gang med å skape eit mangfald av aktivitetar på tvers av generasjonar, kulturar og samfunnslag, langs og parallelt med ruta.
Frivilligåret 2022
Frivilligåret 2022 skal vere med på å synliggjere frivillige organisasjonar og frivilligpolitikken i Norge. Målet er å bidra til auka deltaking, mangfald og synliggjering av merverdien som frivillig sektor bidreg med i samfunnet. Alle organisasjonar, lag, foreningar, frivilligsentralar, kommuner og andre samarbeidspartar vert inviterte til å synliggjere frivilligheita. Året vert markert frå nord til sør. For meir informasjon, sjå www.frivillighetensar.no
Døme på ting ein kan arrangere parrallet: (Enten ein anan plass i Nordfjord eller før etter sykkeltrua på Eid)
Motiview, konsert eller anna aktivitet på eldresenter, bufelleskap, til besøks/pasientvenn m.m
Eigne sykkelturet om ein ikkje får komt seg til Eid.
Friluftsaktivitetar i samarbeid med BUA eller andre?