-
Rusfri 16. mai natt 2026
No er det snart klart for årets store rusfrie happening🤩 Bli med på kjekke konkurransar og lotteri med trekning av flotte premiar🎤🎶🤞 Vi er overbevist om at det blir ein kjekk kveld med god mat og mykje action🌮🥗🌯
Konsert i Trivselshagen med Jørn og Hege - gir overskot til frivilligsentralen
Jørn Moen og Hege Alme spelar livekonsert og Trivselshagen streamar den til oss. Overskotet frå konserten går til frivilligsentralen. Vi takkar hjarteleg!For nær 10 år sidan var Jørn Moen den første lokale artisten til å fylle kultursalen til konsert. Og konserten "Ein HIT, men ikkje lenger" vart ein suksess med to fulle hus.
Jørn er ofte å sjå på scena vår i ulike samanhengar, men no lar han trommestikkene vere heime og tek med seg gitaren. No blir det livestreama konsert i felleskapets ånd og Jørn gir ein hyllest til frivilligheta. Så overskotet av konserten går til Gloppen Frivilligsentral som gjer ein stor innsats for lokalsamfunnet vårt.
Med på scena, heilt frivilleg og på god avstand, kjem også Hege Alme. Hege er ei kjend stemme i musikklivet i Gloppen. Og dei har allereie fleire konsertar i lag før dei no skal bli digitale.
Del på:
-
Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist
Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april! Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.
-
Bli med på folkehelseundersøkinga i Vestland!
16. april 2026 får mange innbyggjarar i Vestland invitasjon til å delta i folkehelseundersøkinga. Førre gong dette skjedde var i 2022. Då hadde Gloppen veldig god svarprosent, og vi fekk informasjon som vi har hatt god nytte av. Vi håper derfor at like mange svarar denne gongen: Dess fleire som svarar, dess meir nytte har vi av undersøkinga her i Gloppen!
-
Landsbylaurdagar i 2026
Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Målet er at Landsbylaurdag arrangementa skal vere noko som ulike lag og organisasjonar skapar og arrangerer i lag. Vi oppmodar lag- og organisasjonar om å melde seg på og bruke denne møteplassen aktivt!
-
Oppvekstplan 2026-2036 på høyring
Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring.