-
Oppsummering av seminar om frivillighet
Det var godt oppmøte i Trivselshagen 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivillighet. Gode innlegg, bra engasjement og kafèdialog resulterete i mange gode innspel til å ta med seg vidare i prosessen.
Verdsdagen for psykisk helse
Gloppen Frivilligsentral inviterer til ope hus fredag 9.oktober med kaffi og noko attåt. Velkomen mellom kl 11 og 14.Ved å markere verdsdagen for psykisk helse ønskjer vi å vere med å gjere det lettare å dele tankar om psykisk helse, både å gi og få støtte. Alle har vi ei psykisk helse og det er viktig å ivareta den. Årets tema for verdsdagen er "spør meir". Vi set på kaffien og håpar noko har lyst å kome inn for ei hyggjeleg stund.
Del på:
-
Kvinnedagen 8. mars
8. mars-markeringa i Gloppen blir skikkeleg stas i år! Vi samlast i Hyen Samfunnshus søndag 8. mars klokka 18. Det blir bra program, allsong og utlodding, og felles kvelds, så ta gjerne med eit pålegg til bordet. Eller ta gjerne med ein vinst!
-
Kunnskapsseminar for frivilligheit
Gloppen kommune inviterer til kunnskapsseminar om frivilligheit onsdag 11. februar kl. 18-21.
-
God Jul og Godt Nytt År!
Gloppen Frivilligsentral ønskjer alle sine frivillige, sponsorar og samarbeidspartar ei god og fredfull jul og eit godt nytt år!
-
Opningstider i jula
Vi tar juleferie og held stengt til over nyttår!